Posh Venture.
(Foto: Posh/Havila.)

Posh Venture. Foto: Posh/Havila.

Eitt skip er seld, tre står att

Havila Shipping ASA er berre delvis i mål med sal av skip i høve restruktureringa av selskapet.

Det var mot slutten av april i år at samarbeidsselskapet Posh Havila Pte Ltd i Singapore selde eitt av fire skip (ekstern lenkje) som dei opererer for eigarane, Havila i Norge og PACC Offshore Services Holdings (POSH). Selskapa eig 50 prosent av aksjane i joint venture-selskapet kvar. Ankerhandteringsskipet Posh Venture blei seld til ein ikkje namngjeven vietnamesisk kjøpar. Dette skriv offshorenergytoday.com .

Dei tre andre skipa, POSH Viking, POSH Vibrant og POSH Virtue, skal også etter planen seljast som ein del av restruktueringsavtalen Havila Shipping ASA har fått forhandla fram med bankar, kreditorar og obligasjoneigarar.

Det 70 meter lange og 16 meter breie fartøyet blei bygd ved Guanhai Shipbuilding i Kina. Ifølgje nettstaden segla skipet etter salet til byen Vung Tau i Sør-Vietnam, frå der det var stasjonert i Walvis Bay i Namibia.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Ulsteiningen Ragnar Hatlø har vore med og utvikla ny applikasjon:

Ny app skal redusere matsvinn

Havila har kjøpt store delar av Volstad Maritime:

Skyt inn betydeleg pengesum

Store kjønnsforskjellar i yrkesfaga

Fleire søkjer seg til yrkesfag, men faga er framleis sterkt prega av eit tradisjonelt kjønnsmønster. Kvotering blir urettferdig, meiner kunnskapsministeren.