Reketrålaren Remøy ligg i arrest i Murmansk.
(Foto: Fiskebåt.)

Reketrålaren Remøy ligg i arrest i Murmansk. Foto: Fiskebåt.

Vil ha 90 millionar for å sleppe fri Remøy

Det norske utanriksdepartementet er kopla inn i saka då Russland no krev 90 millionar kroner i kausjon for å sleppe fri reketrålaren Remøy.

Reketrålaren Remøy vart 10. mai ført til Murmansk i regi av den russiske kystvakta. Både norske fiskeri- og utanriksstyresmakter jobbar no med å få båten frigitt. Det skriv Fiskebåt på sine nettsider.

Russland vil ha 90 millionar kroner for å sleppe fartøyet, eit krav som er meir enn 10 gongar større enn fangsverdien som er om bord i båten.

- Kravet står på ingen måte i forhold til realitetane i saka, og dette kravet gjer at situasjonen ikkje er mogleg for reiarlaget å handtere. Dessutan ligg ansvaret hos norske styresmakter. Vi hadde håpa på at saka skulle få ei rask avklaring, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: