Det var feststemning i kontorlokala til Brattvaag Electro i Myrvåg industriområde tysdag, då selskapet heldt offisiell opning. Eit lokale som verksemda leiger av Ulmatec.

Ei flott marsipankake blei sett på bordet, og dei lokale tilsette som skal ha kontorstad her, Trygve Erdal og Kopperstad, fekk æra av å skjære første stykka.

- Dette blir veldig kjekt, og det er stort potensiale i denne regionen. Med base i Dragsund har vi utruleg mykje innanfor ein radius på ein halvtimes reisetid, seier arbeidsleiar ved kontoret, leikongaren Trygve Erdal.

Spanande område

Vikebladet Vestposten møtte i tillegg til Erdal og Kopperstad, avdelingsleiar for automasjonsavdelinga, Roger Elvebu og leiar for landavdelinga, Are Hestetun, til ein prat kring etableringa av det nye kontoret.

- Det er viktig for oss å vere med i denne marknaden, som er eit spanande vekstområde for oss. Vi har veldig god erfaring med industribedrifter gjennom mange år, og ser potensialet. Området ber nok litt preg av høgt prisnivå. Vi ser gode moglegheiter for å kome inn i marknaden med fornuftige prisar, seier Are Hestetun.

- Uproblematisk

Hestetun og dei andre i Brattvaag Electro ser på konkurransen dei får frå andre aktørar i området som bra for verksemda.

- Det er ikkje til å legge skjul på at vi no etablerer oss for alvor i ein region der kanskje spesielt ein aktør står ekstra sterkt innanfor enkelte segment, men eg ser på konkurranse som fornuftig og sunt. Utan konkurranse kan heller ikkje vi utvikle oss og vekse vidare. Eg ser på dette som uproblematisk, seier Are Hestetun.

- Eg kjenner godt mange av dei som jobbar i dei andr selskapa, og somme er eg til og med i familie med. Eg også trur det er bra med konkurranse, og det at det finnast fleire som kan gjere jobben for ein i same region vil kome kundane til gode. Dette trur eg også dei andre aktørane set pris på, seier Trygve Erdal før Hestetun legg til:

- Vi gjer kvarandre gode.

Vedlikehald og byte av straummålarar

Dei konkrete årsakane bak etableringa av eit kontor i Myrvåg er at selskapet har kontrakt på to nye ferjer og ein fiskebåt som skal byggast ved Myklebust Verft i Gursken, dei skal byte til automatiske straummålarar for privatkundar for Mørenett, og dei skal også vedlikehalde alle ferjekaiene og hurtigbåtkaiene frå Søre Sunnmøre til og med Nord-Trøndelag.

- Vi har ansvar for eit kjempeområde, og for å vere til stades også i regionen Søre Sunnmøre, var denne etableringa viktig for oss, seier Are Hestetun.

Både industri- og privatsatsinga til Brattvaag Electro skal byggast opp på Søre samstundes, fortel Hestetun.

- Vi kjem blant anna til å ha auka fokus på å ta inn lokale lærlingar.

Selskapet er difor i samtalar med Ulstein vidaregåande skule kring lærlingar, ein skule der færre elevar har fått praksisplass i inneverande år.

- Vi tek ikkje inn nokon til hausten, med unntak av ein på utplassering, men det vil nok bli når vi får sett oss litt her i regionen, seier Are Hestetun.

Frå Elvi Electro til Brattvaag Electro

Roger Elvebu frå Hareid dreiv inntil nyleg selskapet Elvi Electro, men fekk etter kvart ein fot innanfor Brattvaag Electro, og er i dag som sagt avdelingsleiar for automasjonsavdelinga. Han hadde eit stort nettverk gjennom sitt tidlegare firma, som Brattvaag Electro dreg veksel på no som Elvebu er med på laget.

- Kundar av Roger, som til dømes Marine Harvest på Flø, har no kome over til oss. Det at vi får inn tilsette som har med seg lokale kundar, er viktig for oss, og bra for vidare vekst, seier Are Hestenes.

Tradisjonsrikt selskap

Brattvaag Electro blei skipa i 1933 i Brattvåg. Verksemda er av dei eldste i bransjen i Norge. Sidan starten har elektrisk installasjon og service på båtar og skip vore sentrale delar av selskapet si drift. I dag har Brattvaag Electro, som er eigd likt av lokale eigarar i Lapas AS og Midvest Fondene, rundt 85 tilsette og er ein totalleverandør innan elektro og svakstrømtenester til private og bedrifter. Ei landavdeling blei etablert i etterkrigstida, og då det blei meir og meir automasjon på fartøya på 1970-talet, blei også ei automasjonsavdeling starta opp. I heimkommunen Haram og nabokommunane Skodje og Ålesund har Brattvaag Electro opparbeidd seg ein solid posisjon, og driv med husinstallasjon, installasjon på næringsbygg og service på bustad- og næring.

Innanfor det maritime har selskapet stått for installasjonar på over 180 fartøy, og mange av dei har funne stad på Vard-verfta i Brattvåg og Søvik i heimkommunen Haram.

To av dei lokale som får kontorstad i Myrvåg, Bjarte Kopperstad (t.v.) og Trygve Erdal, fekk æra av å ta første stykka av marsipankaka. Kopperstad og Erdal er høvesvis busett i Ulsteinvik (opphavleg frå Herøy) og på Leikong. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.