Avtalen mellom dei to selskapa, den første av sitt slag, går ut på at marinedivisjonen til Rolls-Royce, som mellom anna held til i Ulsteinvik og Hjørungavåg, har utvikla ei heilt ny teneste dei kallar for "Power-by-the-hour" som skal overvåke, planlegge og utføre service på alt av utstyr som selskapet har levert til Nor Lines sine fraktefartøy Kvitnos og Kvitbjørn. Somme hugsar nok sistnemnte båt, som grunnstøytte på skjeret Skeidskråka like utanfor Skeide i 2015.

Les også: David dytta Goliat av skjeret

Nor Lines overfører med dette ansvaret for serviceplanlegging og drift tilbake til leverandøren Rolls-Royce. ved hjelp av utstyr som til dømes sensorar, skal Rolls-Royce overvåke kva som skjer om bord. Selskapet kan også kople seg på og utføre fjernstyrt service, eller eventuelt sende om bord ein serviceingeniør ved behov. Rolls-Royce vil også stå for planlagt vedlikehald.

– Kort sagt så gir avtalen oss ei forsikring mot nedetid på grunn av feil på utstyr. Samstundes sikrar den at utstyret frå Rolls-Royce om bord gjer jobben sin så optimalt som mogleg, seier Sigvald Breivik, administrerende direktør i Nor Lines, via ei pressemelding.

I tillegg har Nor Lines bestilt eit såkalla "Energy Management System" frå Rolls-Royce. Eit system som loggar energiforbruk og utsleppsnivå.