Det var Nett.no som først skreiv om denne saka. Skipper Kjetil Ervik, som kjem frå Giske, seier dette til næringslivsportalen.

- Det er mannskapet sjølv som har avtalt seg imellom kven som får reise heim.

Mannskapet som får reise heim gjer heimreisa via Kirkenes lufthamn.

I arrest i to veker

Reketrålaren har vore i arrest i Murmansk i to veker, sidan fartøyet blei henta inn til hamn av den russiske kystvakta. Der viste det seg at det hadde blitt gjort ein feil under dokumentering av kva fartøyet skulle i russisk farvatn, då det var gløymt huka av for rekefiske.

Fiskeridirektoratet hadde rett og slett gløymt å krysse av for dette då dei skulle ordne lisenspapira.

Dette første til at det frå Russland kom eit kausjonskrav på 90 millionar kroner.

Les også: Trur politisk løysing må til for Remøy-trålar