Det melder Ulstein Group og Ulstein Design & Solutions gjennom ei pressemelding måndag ettermiddag, i opptakta til Nor-Shipping som går av stabelen frå og med i morgon. Kontrakten inkluderer sal av ein design- og utstyrspakke til eitt skip, med opsjonar på heile ni fartøy.

- Vi har jobba systematisk med for å etablere oss i dette segmentet og skape innovative løysingar som dekker kunden sine behov. Kontrakten er eit svært viktig gjennombrot for oss innan dette segmentet . Med over 100 års erfaring innan skipsbygging og utvikling skal vi skape nye gode løysingar for våre kundar, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group.

Fartøyet, som er av type Ulstein CX103, vil bli 104,3 meter langt når det er ferdig, og vil få ei breidde på 18,4 meter.

- Strategisk svært viktig kontrakt

Ifølgje Nett.no vil skipet generere inntekter på rundt 100 millionar kroner for Ulstein, og om alle ni skipa som ligg i opsjonsavtalen blir løyst inn, kan det vere snakk om ein milliard kroner til Ulstein Group.

Skipet vil ha plass til 255 personar. Skipet skal byggast på verftet til China Merchants Heavy Industry for reiarlaget SunStone og skal leverast i 2019.

- Dette er ein strategisk svært viktig kontrakt for oss og vi er svært glade for at valet falt på oss som leverandør av design- og utstyrspakke. Samarbeidet mellom reiar, verftet, interiørdesignar, meglar, underleverandørar og våre eigne tilsette og dei andre partane som er involverte, seier administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions AS, Eva Kristensen.

Slik ser Ulstein Design & Solutions føre seg det nye ekspedisjonscruiseskipet til SunStone. Foto: Ulstein Group.