Ulsteinvik-baserte Island Offshore hadde driftsinntekter på 259 millionar kroner i første kvartal i år. Dette er noko svakare enn i fjerde kvartal i fjor, då inntektene låg på 363 millionar kroner. Ser ein tilbake til same kvartal i fjor, var resultatet 419 millionar kroner.

Kontraktar gav større flåteutnytting

49 prosent var utnyttinga av flåten i første kvartal, inkludert båtane reiarlaget har i opplag. I mai og april var dette talet likevel forbetra, som følgje av mobilisering av fem skip for nye kontraktar. Island Offshore har som eit ledd i restruktureringa av selskapet seld tre fartøy i første kvartal, noko som gjer at flåten no er på 25 skip.

- Totalt fem plattformforsyningsskip er framleis i opplag, og vi forventar at desse skipa vert liggande i opplag til vi kan sikre kontraktar med berekraftig inntening, seier administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, i ei pressemelding frå reiarlaget.

Kuttar kostnadar

Drifta får vesentlege bidrag frå kostnadskutt, og denne prosessen vil ein ifølgje Ulstein halde fram med i tida framover.

- Marknadstilhøva må likevel betrast vesentleg for at resultata skal bli betre. Den pågåande restruktureringa medfører betydelege rådgjevarkostnadar som blir kostnadsført løpande, seier Håvard Ulstein.

Og nettopp marknaden har fått sitt å seie for reiarlaget. Marknadsforholda og konsekvensane for kontantstraum gjorde at Island Offshore fekk i hamn ein såkalla Standstill & Deferral-avtale med dei sikre kreditorane 22. november 2016.

- Forhandlingane går framover, men semje om ei langsiktig løysing vil ta meir tid enn venta. Viktige kontraktstildelingar den siste tida har bidrege til at nokre skip kan setjast i drift. Dagratene er akseptable gitt alternativet med langsiktig opplag. Kontraktane er gjort med strategisk viktige og tilbakevendande kundar, seier Ulstein.

Målsetjinga er at partane skal einast innan 30. juni 2017.

Låge dagrater

Generelt er dagratene i PSV- og AHTS-marknaden (plattformforsyningsskip og ankerhandterarskip) framleis låge som følgje av redusert aktivitet og overkapasitet, fortel Ulstein.

- Marknaden viser likevel nokre teikn på forbetring som kan mogleggjere aktivering av enkelte fartøy. Vi ventar ikkje å sjå ei meir omfattande positiv utvikling før oljeprisen stabiliserer seg på eit høgare nivå, som igjen kan bidra til auka investeringar og aktivitet, seier Håvard Ulstein avslutningsvis.

Ordreboka er på 2,7 milliardar kroner per i dag, eksklusive befraktar sine opsjonar. Reiarlaget opplyser elles om at kontraktsdekkinga for gjenverande del av 2017 er på 55 prosent. Dette er ei forbetring, grunna tildelingar av nye kontraktar.