Regjeringa, med statsminister Erna Solberg (H) i spissen, ønskjer også å utvide ordninga til å gjelde vindmøllefartøy. Det skriv Dagens Næringsliv.

– Det er viktig for regjeringa å sikre gode og konkurransedyktige vilkår for denne næringa. Skatteordninga har vore godkjent av ESA med utlaup 1. juli. Difor har vi no arbeidd med å notifisere ein ny, seier finansminister Siv Jensen (Frp) til avisa.

Skatteordninga knytt til reiarlag går ut på at driftsinntektene frå reiarlagsverksemd er fritekne frå skatt, so lenge overskotet haldast i verksemda. Finansminister Jensen meiner utvidinga er i tråd med det grøne skiftet.

Ho ser på ei slik utviding som er ei forlenging av prosessen med å gå over frå offshore-petroleumrelaterte næringar til andre.