Det seier Tommy Walaunet, viseadministrerande direktør i Island Offshore Management AS, til Vikebladet Vestposten. Island Offshore har i dag ein flåte på 26 skip, der to av desse er eigd av andre, men drifta av Ulsteinvik-reiarlaget. Med unntak av fem plattformforsyningsskip (PSV) som ligg i opplag, er alle andre fartøya i flåten til Island Offshore ute på oppdrag.

– Det er ei vesentleg forbetring i forhold til i vinter, men det er også ei forventa forbetring, seier Walaunet.

Tøft til hausten igjen

Men, alt godt kan ikkje vare for evig. Tommy Walaunet trur det skal mykje til at reiarlaget skal kunne halde dei skipa dei no har ute på oppdrag i heilårsdrift, men håpar sjølvsagt på det beste.

– Situasjonen når vi kjem ut på hausten er at fleire av båtane fullfører sine kontraktar. Vi må skaffe meir arbeid til dei, eller vurdere opplag på nytt. Det vil vere nokre gode månadar no framover. Men, så kjem vinteren på nytt, og stiller oss på prøve, seier Walaunet.

Intervensjonsfartøya Island Frontier og Island Wellserver har fast kontrakt med Statoil på 200 dagar per skip, og opsjonar på forlenging.

– Det betyr i prinsippet at desse fartøya er i jobb frå 1. april til 17.–18. oktober. Så spørst det om Statoil ønskjer å erklære opsjonane, men dei siste to åra har ikkje dette skjedd. Vi forventar dessverre ikkje at dei gjer det denne gongen heller, men arbeider hardt for å skaffa anna arbeid i denne perioden. På desse intervensjonsskipa er det snakk om til saman ca. 200 tilsette offshore. Så det er klart, lukkast vi ikkje med å finne meir jobb til desse båtane, kan dette få konsekvensar for dei tilsette gjennom vinteren, seier Walaunet.

Fartøya skal tilbake i arbeid for Statoil 1. april 2018. Også andre fartøy har sesongbaserte kontraktar, og her også må reiarlaget eventuelt finne anna arbeid til dei, eller vurdere å leggje dei i opplag.

– Vil ikkje tilbake dit

I 2016 var Island Offshore på det meste oppe i 15 av 26 skip i opplag.

– Eg håpar at vi ikkje kjem tilbake dit igjen til vinteren, men at det blir fleire enn dei fem som ligg i opplag i dag, som vil ligge i opplag i vinter, er eg rimeleg sikker på, seier Tommy Walaunet.

Dei store marknadane er ifølgje Walaunet framleis i sterk ubalanse, med for mykje tonnasje tilgjengeleg.

– Sett i forhold til aktiviteten er det for mange skip. Dei store drivarane for aktiviteten vår, oljeprisen og dernest investeringsnivået blant oljeselskapa, verkar til å ha botna ut etter mange år med betydeleg vekst og deretter nedgang i 2015 og 2016. Men, det vil ta lenger tid før dette resulterer i meir offshore aktivitet, seier han.

Kostnadane er reduserte

Oljeprisen dei siste tre åra har heilt klart ført til store problem for mang eit reiarlag og verftsindustrien langs norskekysten. Men éin positiv ting kan seiast om utviklinga, meiner Tommy Walaunet.

– Det har gjort at kostnadsnivået har gått ned betrakteleg. Det gjer at fleire prosjekt blir sanksjonert. Vi er positive til at det vil kome fleire prosjekt og meir aktivitet, men det vil som sagt ta tid, seier Walaunet.

Om ein skal behalde denne industrien på lang sikt, er det sunt å gå gjennom ein slik konjunktur (eller korreksjon), meiner han.

– Så gjeld det å handtere ei slik tid på ein god og forsvarleg måte, både når det gjeld personell og utstyr. Vi må rekne med at vi ikkje har sett det siste av restruktureringar.

Arbeidsfrist 30. juni

Visedirektøren fortel at reiarlaget har jobba intenst gjennom forhandlingane med kreditorane sine, og har sett ein arbeidsfrist til 30. juni.

– Dette arbeidet og planen vi jobbar fram er laga i forhold til forventningane til våre fartøy. I den grad vi får vesentlege avvik frå desse forventningane, vil det skape nye utfordringar for oss. Parallelt med restruktureringa vi no prøvar å kome i hamn med, jobbar vi for å finne gode kommersielle løysingar for den enkelte båt, seier Walaunet.