Island Offshore jobbar no med ei restrukturering som omfattar tiltak for å sikre drift ut 2020. Forhåpentlegvis har reiarlaget den i hamn før arbeidsfristen, som er sett til 30. juni.

- Det er ein krevjande plan, der alle må bidra. Bankar, usikra kreditorar, tilsette og eigarane må hjelpe til. Men vi har eit godt utgangspunkt. Vi føler sjølv vi er betre stilt enn mange andre, fordi vi har ei ganske god ordrebok med oss, fram til 2020 for fleire fartøy. Det er sjølvsagt båtar vi må finne løysingar for undervegs, men vi har absolutt noko å byggje på, seier Tommy Walaunet.

- Vi er det nærmaste vi har vore, og håper at vi i løpet av sommaren kan bekrefte at vi er einige om ei prinsippskisse.

Del av noko større

Gjennom samarbeidet med amerikanske Edison Chouest Offshore, er Island Offshore allereie del av noko større, så konsolideringane og samanslåingane ein har sett siste tida blant reiarlaga på Sunnmøre, mellom anna der både Rem og Farstad har blitt slukt opp, skremmer ikkje Walaunet og resten av reiarlaget spesielt mykje.

- Det er ikkje usannsynleg at også fleire reiarlag blir nøydde til å gå saman for å overleve denne krisa. Men, det har ein samanheng med at det kan bli, og mest truleg vil bli, fleire rundar med restruktureringar. Då vil det bli endå meir trykk på å finne gode og robuste løysingar. Den eigenkapitalen som blei sprøyta inn i reiarlaga for eitt år sidan, trur eg ikkje vil vere tilstrekkeleg for å ta alle reiarlaga gjennom denne krisa, seier Walaunet og legg til:

- Då vil bankane saman med eigarane søkje meir eigenkapital, og det er visse grupperingar som har betre føresetnader enn andre for å kunne bidra med meir kapital. Difor trur eg at dei store aktørane, som allereie har tatt del i dette, vil vere på ballen igjen og vurdere nye samanslåingar mot eigenkapitalbidrag.

- For lett å skulde på bankane

Walaunet meiner det blir feil, slik som mange den siste tida har gjort, å skulde på bankane for korleis krisa har skride fram.

- Det blir for lett å skulde på dei, sjølv om at dei er ein vesentleg del av dette. Dei bidreg med betydeleg kapital, som vi er sett til å forvalte saman med eigenkapitalen. Eg synest det blir fundamentalt feil å gje bankane skulda for det som først og fremst er ei industriell krise. Det har gått for fort i svingane, det har blitt bygd for mykje båt, det har blitt gjort for mykje for like strategiske val av reiarlaga, seier Tommy Walaunet og legg til:

- Ein kan godt trekkje fram argumentet at bankane burde sagt nei, men det er å pålegge dei ei regulatorisk rolle. Vi har ein betydeleg del av ansvaret sjølv, vi som har lånt pengane. Vi kunne valt å stoppe før, vi kunne valt å byggje færre båtar. Det trur eg fleire hadde valt å gjere hadde dei kunne gjort det valet på nytt. Når industrien først står i ei omfattande restrukturering, er det likevel vesentleg at alle partar, inklusive bankane, bidrar til konstruktive prosessar og langsiktige, robuste  løysingar.

God dialog med obligasjonseigarane

Fleire reiarlag har blitt velta eller pressa av obligasjonslåneigarar, som ønskjer ei anna retning for selskapet. Også Island Offshore har obligasjonsgjeld, rundt 700 millionar kroner.

- Vi gjorde ei forenkla restrukturering tilbake i mars 2015, der vi blei einige om andre forfallsdatoar og andre rentevilkår på dei låna, og vi har ein veldig god dialog med obligasjonseigarane. Vi er trygge på å finne fram til gode løysingar saman med dei, som ein del av den restruktureringa vi jobbar med no. Det er ikkje berre bankane vi skal bli einige med, vi må også bli einige med dei usikra kreditorane, seier Walaunet.