Rolls-Royce skriv i ei pressemelding fredag ettermiddag at selskapet har fått ein ordre på fire dieselmotorar som skal inngå i framdriftssystemet til Color Line si nye hybridferje, som skal byggjast ved Ulstein Verft. Motorane er av typen B33:45L. Dei skal produserast i Bergen.

Verdas største plug-in hybridferje er designa av Fosen og skal som sagt byggast ved Ulstein Verft i Ulsteinvik. Planen er at skipet skal leverast i 2019, og skal så inn i trafikk på strekninga mellom Sandefjord og Strømstad.

Ferja blir 160 meter lang, og skal kunne huse 2.000 passasjerar og 500 bilar.

- Rett produkt til rett pris

Motorane Rolls-Royce skal levere har planlagt levering i mars 2018. I kontrakten er det også med ein opsjon på motorar til eit mogleg andre skip.

– Den norske verftsindustrien har i det siste vist seg å vere konkurransedyktig i den internasjonale cruise- og ferjemarknaden, og vi er glade for å vere med på fleire av desse spanande prosjekta. Våre motorar frå Bergen er per i dag selde til ni skip i dette marknadssegmentet i løpet av det siste året, det tek vi som eit teikn på at vi har rett produkt til rett pris, seier Kjell Harloff, Vice President Engines i Rolls-Royce.