Etter å ha teikna og bygd offshoreskip i mange år, brukar verftet Havyard i Leirvik i Sogn no denne erfaringa til å designa ferjer. For første gong skal verftet levera fem ferjer som dei har teikna sjølve.

– Vi ser på det som ein veldig stor siger, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i verftet til næringslivsavisa Sysla.no

Han fortel at konkurransen har vore svært hard, men meiner kompetansen dei har frå å designa og byggja offshoreskip har vore avgjerande for at dei greidde å hevda seg.

Dei fem el-ferjene er eit oppdrag for Fjord1. Tre av dei nye ferjene skal gå på strekninga Hareid-Sulesund og to på Magerholm-Sykkylven i Møre og Romsdal.

Også mange andre norske verft må prøva å omstilla seg etter nedturen i oljebransjen. Ifylgje Sysla var det berre 13 offshore-skip under bygging ved norske verft 10. mars i år. Til samanlikning utgjorde offshoreskip 78 prosent av ordrane for to år sidan. No gjeld dei fleste ordrane fiskebåtar, passasjerskip, brønnbåtar og ferjer.