God start Den eine av to kabelvogner som skal frakte turistar frå fjorden og opp til Hoven på rundt fem minutt.
(Foto: David Bissig/Loen Skylift)

God start Den eine av to kabelvogner som skal frakte turistar frå fjorden og opp til Hoven på rundt fem minutt. Foto: David Bissig/Loen Skylift

God start for gondolbana i Loen

Gondolbana i Loen i Nordfjord har fått ein betre start enn det var budsjettert med, skriv Nett.no.

Så langt har bana hatt over 10.000 reisande (opp og ned-tur) etter knapt ein månads drift. Bana blei opna av dronning Sonja 20. mai.

– Vi ligg føre skjema, seier sals- og aktivitetsleiar Odd Rune Flo, til Nett.no.

Budsjettet er på 55.000 reisande i år, medan break even-nivået er 42.500 reisande. På årsbasis er break even-nivået 65.000 reisande.

Den mest krevjande delen av gondolbanedrifta er restauranten på toppen, fortel hotelldirektør Richard Grov ved Hotell Alexandra i Loen.

Dagsrekorden så langt er 1.400 besøkande, og det set press på serveringskapasiteten.

Det er Hotell Alexandra som driv restauranten på toppen, og der er hotellet i full gang med å byggje opp erfaring om når besøksmengda er størst og korleis forsyningane skal fraktast opp i tide og i stor nok mengde.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Oktober-billettane vart fort rivne vekk

Nytt føredrag i februar

Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale samanlikna formuesskatten med friidrett:

- Som å starte 40 meter bak konkurrentane

Verdsmeisteren stod på stand for Jets:

Ingrid og Astri fekk møte sin store helt

Klima- og miljøvernministeren om Jets:

- Har mykje å bidra med