- Vi er tilpassingsdyktige og satsar på innovative løysingar. Vi ønskjer å vere ein leverandør som konkurrerer med dei største aktørane i landet, men som samstundes leverer kvalitet, seier Bodil Jåtun Molvik, dagleg leiar i Com-Net AS, i ei pressemelding.

Talet på tilsette aukar

Mellom anna grunna fleire oppdrag innan fiberutbygging, til dømes i Stryn og i Kristiansund, har Com-Net så langt i år tilsett fleire nye medarbeidarar, i tillegg til to på slutten av fjoråret. Faktisk har talet på tilsette auka frå 16 til 26 tilsette frå november i fjor til no.

- Vi lever av å levere. Vi skal halde fram med det som vi er størst på, nemleg utvikling av fiberutbygging, men vil også sikte høgt på levering av datanettverk, public displays og møteromsløysingar, seier Jåtun Molvik.

ComromEntreprenørselskapet Com-Net starta i fjor ei ny nisje som leverer nettverk, kommunikasjonsutstyr, PCar, software, komplette møterom, i tillegg til support på desse.

Mellom anna har Com-Net utvikla møteromsappen Comrom.

Les om Comrom her.

Ein applikasjon der publikum anonymt kan stille spørsmål undervegs i eit føredrag. Applikasjon blir no lansert ut på den opne marknaden.

Com-Net leverer i dag kommunikasjonsløysingar til kraftselskap, teleoperatørar, organisasjonar, kommunar og andre netteigarar.