Arbeids- og inkluderingsverksemda Furene AS har tilsett Eldor Skeide som ny administrerande direktør. Det skriv Furene AS i ei pressemelding. Skeide tek over etter at Hege Karete Hamre har gått over til jobb i Sparebank1 Regnskapshuset, etter å ha jobba i Furene AS i nærare 20 år.

Furene AS har hovudkontor i Furene, men har også fleire avdelingar på søre Sunnmøre, mellom anna i Ulsteinvik, Herøy og Vanylven.

Eldor Skeide har ifølgje pressemeldinga vore tilsett i Furene AS sidan 2010, og verksemda skriv at Skeide har mange års erfaring som dagleg leiar eller administrerande direktør i ei rekkje selskap. Døme på desse er Hødd, Sunnmørshallen, Convex og Westing.

I Furene AS har Eldor Skeide vore leiar for prosjekt og utvikling, og ein del av den sentrale leiargruppa.

"Skeide har vore sterkt delaktig i den positive utviklinga bedrifta har hatt i ei periode med endra rammevilkår og større krav til omstilling i bransjen", skriv Furene AS i pressemeldinga.

- Vi opplevde stor interesse for stillinga og er trygge på at vi har fått ein dyktig toppleiar på plass for å møte dei spanande utfordringane selskapet står ovanfor, seier styreleiar Inge-Jonny Hide i Furene AS.

- Eg ser fram til å vere ein tydeleg ambassadør for Furene sitt samfunnsoppdrag, og saman med dyktige medarbeidarar, utvikle Furene vidare som ein profesjonell aktør i levering av tenester og produkt til kundar og lokalbefolkninga på Søre Sunnmøre, seier Skeide. Han startar i stillinga som administrerande direktør frå 1. august.

Eldor Skeide tek over som administrerande direktør etter Hege Karete Hamre.