Eldor Skeide, her ved Furene AS sine kontor i Ulsteinvik, tek frå 1. august over som dagleg leiar i arbeids- og inkluderingsverksemda.

Eldor Skeide, her ved Furene AS sine kontor i Ulsteinvik, tek frå 1. august over som dagleg leiar i arbeids- og inkluderingsverksemda.

Blir ny administrerande direktør

Eldor Skeide tek over etter Hege Karete Hamre i Furene AS.

Arbeids- og inkluderingsverksemda Furene AS har tilsett Eldor Skeide som ny administrerande direktør. Det skriv Furene AS i ei pressemelding. Skeide tek over etter at Hege Karete Hamre har gått over til jobb i Sparebank1 Regnskapshuset, etter å ha jobba i Furene AS i nærare 20 år.

Furene AS har hovudkontor i Furene, men har også fleire avdelingar på søre Sunnmøre, mellom anna i Ulsteinvik, Herøy og Vanylven.

Eldor Skeide har ifølgje pressemeldinga vore tilsett i Furene AS sidan 2010, og verksemda skriv at Skeide har mange års erfaring som dagleg leiar eller administrerande direktør i ei rekkje selskap. Døme på desse er Hødd, Sunnmørshallen, Convex og Westing.

I Furene AS har Eldor Skeide vore leiar for prosjekt og utvikling, og ein del av den sentrale leiargruppa.

"Skeide har vore sterkt delaktig i den positive utviklinga bedrifta har hatt i ei periode med endra rammevilkår og større krav til omstilling i bransjen", skriv Furene AS i pressemeldinga. 

- Vi opplevde stor interesse for stillinga og er trygge på at vi har fått ein dyktig toppleiar på plass for å møte dei spanande utfordringane selskapet står ovanfor, seier styreleiar Inge-Jonny Hide i Furene AS.

- Eg ser fram til å vere ein tydeleg ambassadør for Furene sitt samfunnsoppdrag, og saman med dyktige medarbeidarar, utvikle Furene vidare som ein profesjonell aktør i levering av tenester og produkt til kundar og lokalbefolkninga på Søre Sunnmøre, seier Skeide. Han startar i stillinga som administrerande direktør frå 1. august.

Eldor Skeide tek over som administrerande direktør etter Hege Karete Hamre.

Eldor Skeide tek over som administrerande direktør etter Hege Karete Hamre.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: