Gallerist Hugo Opdal 
            (Foto: Anne Gry Eilertsen)

Gallerist Hugo Opdal Foto: Anne Gry Eilertsen

Har kjøpt ut Moods of Norway

Gallerist Hugo Opdal kjøpte ut medeigaren etter nok eit tøft år økonomisk for galleriverksemda på Flø.

I følgje Nett.no, gjekk driftsinntektene til galleriselskapet Go With the Flø AS frå over to millionar til under ein halv million frå 2015 til 2016. Det resulterte i eit underskot på over 600.000 kroner, i tillegg til ein negativ bokført eigenkapital.

Den effekten lave oljeprisar har hatt på lokalsamfunnet og på lokale kjøparar, er trekt fram som ein av årsakene til at driftsinntektene har gått ned.

- Ein har opplevd ein kraftig svikt i omsetjinga av kunstverk. Dette har sin bakgrunn i reduksjonen i aktiviteten i regionen, med permitteringar og nedskaleringar i industrien", skriv Opdal i årsmeldinga til Go With The Flø.

Samstundes som at galleriet merka at kunstinteressa dabba av, skapte Moods of Norway butikken i underetasjen også problem for galleriselskapet. I første omgong bestemte selskapet å tone ned satsinga på klesbutikken, men no er butikken i ferd med å bli heilt avvikla, skriv Nett.no.

No har Opdal kjøpt ut medeigar Moods of Norway og er no eineeigar i lokala på Flø.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: