Avtalen går ut på at Rolls-Royce skal levere vedlikehald- og servicetjenester til alt utstyret Rolls-Royce har levert til dei to selskapa sine offshorefartøy.

Til saman vil avtalen dekke 74 offshorefartøy. Dette er den første avtalen dei to Siem-selskapa signerer med ein felles serviceleverandør.

– Vi har sjølkvsagt tru på at vi kan spare ved å inngå serviceavtalar som dette saman. Vi har ein moderne og teknisk avansert flåte som krever god oppfølging undervegs i si levetid, seier Steinar Sandberg, innkjøpsdirektør i Siem-gruppen.

For Rolls-Royce er denne avtalen eit av fleire pågåande serviceoppdrag som selskapet til ei kvar tid handterer.

– Vi har levert utstyr til omtrent ein fjerdedel av den registrerte verdsflåten, og har dermed også serviceoppdrag og langsiktige avtalar med ein rekke rederi verda rundt. Vi har også eit nettverk av servicestasjonar i 34 land for å vere i nærleiken når det er behov for service eller reparasjonar, seier Knut Hovland, direktør for Customer & Services i Rolls-Royce, i pressemeldinga.

Ettermarkedstjenester utgjer i dag omlag 40 prosent av omsetninga i Marinedivisjonen til Rolls-Royce. Langsiktige avtalar som denne står for omtrent 25 prosent av dette.

– Vi er ekstra glad for å signere nye serviceavtalar i desse tider. Vi merkar sjølvsagt at mange fartøy fremleis ligg i opplag, og er spent på korleis det vil merkast i servicemarkedet vidare framover, seier Hovland.