Den norske reketrålaren "Remøy" låg 24 dagar i arrest i Russland tidlegare i år. Bakgrunnen for arresten var ein feil i eit skjema, som gjorde at reketrålinga i russisk farvatn skjedde utan godkjenning.

Ifølgje NRK Møre og Romsdal har ein russisk domstol dømd Remøy Havfiske AS til å betale ei bot på nærare 140 millionar rublar, medan kapteinen skal betale i underkant av 70 millionar rublar. I norske kroner tilsvarar dette om lag 30 millionar kroner.

Ifølgje reiarlaget sin advokat har ein ikkje fått dommen på noverande tidspunkt, men i staden ei domslutning. Dermed har dei ikkje fått grunngjevinga for kvifor bøtene blei som dei blei, skriv NRK Møre og Romsdal.