Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug fekk verkeleg ei førsteklasses utsikt mot Ulsteinvik, frå helikopterdekket på ein av båtane som ligg ved kai ved Kleven Verft. Måndag formiddag var den kjende Framstegsparti-politikaren og førstekandidaten til Stortinget for partiet i Møre og Romsdal på besøk ved det tradisjonsrike verftet.

- Det er viktig for meg å setje meg godt inn i næringslivet i Møre og Romsdal, og høyre direkte med aktørane sjølve kva for utfordringar dei står ovanfor. Det vil eg bruke mykje tid på i åra som kjem også. Å følgje opp næringslivet i heimfylket mitt er viktig både for meg sjølv og for partiet, seier Listhaug til Vikebladet Vestposten.

Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, tok med ministeren på ein spasertur kring om på verftsområdet, og forutan den luftige turen opp på helikopterdekket, fekk Sylvi Listhaug sjå både robotsveisehallen og helse på fleire av dei tilsette. Ein stor del av grunnstrukturen på det første av ekspedisjonsskipa Kleven skal bygge for Hurtigruten er også ferdig, og ministeren stilte konsernsjefen mange spørsmål, også kring dette spanande prosjektet.

Utfordrande tider

Måndag 3. juli vart det kjent at rundt 750 tilsette i Kleven er med i eit lånetiltak for å betre situasjonen for skipsbyggingskonsernet, som to år på rad har gått på solide økonomiske smellar. Årsaka til underskotet i 2016 ligg i tap og store tapsavsetningar knytt til enkeltprosjekt, særleg eit enkeltprosjekt der kunden, det malaysiske joint-venture selskapet IES Pioneer Ltd, ikkje kunne ta levering (bygg nummer 379). Vidare tapte konsernet på investeringar i tidlegare bygde skip der verdien av skipa i 2016 vart kraftig nedskrive av offshorereiarlaga.

Sylvi Listhaug blei informert om stoda til Kleven av konsernsjef Rasmussen.

- Det er inga tvil i det heile om at Kleven og mange av dei andre aktørane i dei maritime næringane har vore, og framleis er inne i ei tøff tid. Men, det som slår meg er at klynga her på Nordvestlandet likevel er langt i frå slagne. Folk står på vidare, og har gjort det lenge allereie under vanskelege forhold. Eg er overtydd om at næringa her ute vil kome seg over kneika. Her er det enorm stå-på-vilje, og dyktige arbeidsfolk, som har klart dette før, seier Listhaug og legg til:

- Det er utruleg imponerande kva for dimensjonar det er på verfta her på Sunnmøre, og dette er noko heile landet kan vere stolt av. Det er fantastiske bedrifter, og det må vi som politikarar sørgje for at dei framleis får vere, seier ho.

Vil redusere formuesskatten

Innvandrings- og integreringsministeren er blant politikarane som ønskjer å gjere noko med skattelegginga av formue i Norge. Men ikkje for å gi dei rikaste meir i lommeboka.

- Dei fleste som driv bedrifter ute i distrikta, slik som på Sunnmøre, kjenner folk flest, og folk kjenner dei. Det er heilt feil at desse skal måtte ta ut utbyte frå bedriftene, som kanskje går dårleg, for å betale skatt. Dette er pengar som heller burde skytast inn igjen i drifta. Det går utover arbeidarane og heile verksemda. Det er feil veg å gå å auke skattane, slik enkelte andre parti seier dei ønskjer, seier Listhaug og skyt inn:

- Vi må gå bort i frå debatten kring skattelette for Kjell Inge Røkke, Stein Erik Hagen og den gjengen. Vi må heller fokusere på dei som driv verksemder lokalt, som må lide fordi dei må betale unødig mykje formuesskatt. Industribyggarane, som har stått på for at vi skal ha levande bygder, er dei vi først og fremst skal gjere dette for.

Rosar Ulstein kommune

No er Sylvli Listhaug først og fremst innvandrings- og integreringsminister i statsminister Erna Solberg (H) si regjering, og sjølv om besøket til Ulstein i denne omgang handla mest om det lokale næringslivet og å få treffe kvinna og mannen i gata, så kjenner ho godt til arbeidet Ulstein kommune, og nabokommunene, gjer i forhold til flyktningar og innvandrarar.

- No har eg besøkt flyktningmottaket i Ulstein tidlegare, og sidan eg fekk høyre med ordførar Knut Erik (Engh, red. anm) at det framleis er oppe og går, så har eg stor tiltru til at det blir gjort godt arbeid her i kommunen.