- Grunnen til at dette kom i stand er at vi blei kontakta av Volstad Maritime, om dette var noko vi kunne tenkje oss å setje oss ned med dei og snakke om. Den invitasjonen kunne vi ikkje takke nei til. Den praten har vi heldt gåande i eit par månadars tid no, og konklusjonen er at dette er eit godt selskap og eit godt management, seier Per Sævik til Vikebladet Vestposten.

Nyleg blei det kjent at Sævik-familien går tungt inn i Ålesund-baserte Volstad Maritime. Det skjer gjennom Havila Holding AS, som skyt inn ein betydeleg eigenkapital gjennom det heileigde dotterselskapet Sæviking AS.

Årsaken til at gründer Per Sævik, sonen Njål og resten av familien gjer dette, er fleirdelt.

- Alt innanfor offshore i dag må ha eit utgangspunkt i at marknaden kjem tilbake. Visst den kjem tilbake trur eg dette skal bli bra. Om den ikkje kjem tilbake er det mange som vil få store problem, langt større enn det vi har sett til no. Dette kjøpet var frå vår side ein kalkulert risiko, seier Sævik.

Viktig brikke for offshoremiljøet

Volstad Maritime er eit av yttarst få selskap som faktisk har hatt god kontraktsdekking og som kunne beheldt ein attraktiv flåte så langt gjennom den maritime krisa. Dei lengste kontraktane for Volstad Maritimes skip går fram til 2022. Det var også noko av grunnen til at Sævik-familien såg på dette som ei god investering.

- Bud nummer èin er at det er rasjonelt det ein gjer. Vi sunnmøringar skal stå samla gjennom desse tøffe tidene, og det er inga tvil om at Volstad Maritime er ei svært viktig brikke for offshoremiljøet på Sunnnmøre. Vi er, som alle andre i næringa, naturlegvis opptekne av at miljøet skal kome seg gjennom denne situasjonen. Dette var også eit kommersielt riktig val av oss, seier Per Sævik.

Innfrir obligasjonslån

Det er inga hemmelegheit at krisestemning i den maritime næringa og sårbare finansieringsavtalar, spesielt obligasjonslån, har gjort offshorereiarlaga på Sunnmøre interessante for storkapitalen i landet. Det har mellom anna vist seg ved at Kjell Inge Røkke-eigde Solstad Offshore slukte Rem Offshore etter at dei først hadde kjøpt seg kraftig opp i eit stort obligasjonslån i reiarlaget, før same selskap fekk John Fredriksen-eigde Deep Sea Supply (gjennom Hemen Holding) med på laget og slukte Farstad, som sleit med stor gjeld. Etter at Ålesund sitt desidert største offshorereiarlag var ein del av konstellasjonen med Skudeneshavn-baserte Solstad Offshore og nemnte Deep Sea Supply, har det nye reiarlaget fått namnet Solstad Farstad. Eit reiarlag med heile 154 skip i flåten, det desidert største offshorereiarlaget i landet. Men Farstad Shipping er diverre historie, slik ein kjente det.

Per Sævik fortel til Vikebladet Vestposten at det ikkje var desse prosessane som gjorde det viktig for Havila å sikre seg ein del av Volstad Maritime. Men, han vedgår at obligasjonslån er ein skummel ting.

- Vi har nok ikkje tilstrekkeleg innsyn i dei prosessane som har vore til å vite kva som kunne vore alternativet, til dømes for Volstad. Men det er ei kjent sak at Volstad hadde eit obligasjonslån på ein halv milliard som måtte innfriast, seier Sævik og legg til:

- I Volstad Maritime var ein av båtane finansiert via eit obligasjonslån. Obligasjonslånet blir no innfria, og dette blir no tatt opp som ei vanleg bankinvestering i staden. I tillegg skyt vi inn ein solid dose friske pengar i selskapet.

Ifølgje E24 eig Havila Holding no rundt 50 prosent av Volstad Maritime. Det blir ifølgje Njål Sævik, sonen til Per, ikkje aktuelt å slå saman dei to reiarlaga, og heller ikkje aktuelt å flytte hovudkontoret til Volstad Maritime frå Ålesund.

Pengar frå Fjord 1-nedsal

Finansavisen skreiv tidlegare denne veka at det er av pengane Havila Holding AS fekk frå aksjenedsalet i ferjereiarlaget Fjord1, rundt 1,4 milliardar kroner, det har blitt nytta kapital til å kjøpe opp store delar av Volstad Maritime.

- Ja det stemmer nok, vi har nytta av eigen kontantbehaldning for å kjøpe oss inn i Volstad. Men noko meir kring detaljane i dette, ønskjer eg ikkje å gå nærare inn på.

- Ikkje superoptimistisk

Reiaren fortel at Havila framleis har ein tøff storm å ri av.

- Det er for så vidt litt det same biletet som det har vore ei stund no. Vi fekk heldigvis i hamn ein avtale med kreditorane som gjer at vi i prinsippet skal klare oss ut 2020. Med det sagt, er det naturlegvis eit behov for at marknaden normaliserer seg før vi kjem dit. Om ikkje har vi eit nytt problem. No er det godt å sjå at aktiviteten har tatt seg opp gradvis igjen, til dømes innanfor subsea-segmentet, der Volstad også opererer. Men, vi skal framleis vere forsiktige, der er ikkje nokon grunn til å vere superoptimistiske enno. Det vi har gjort no var som sagt ein kalkulert risiko, og så får vi sjå kva framtida bringer vidare, seier Per Sævik avslutningsvis.