Båten som heitte IES Energy då den blei bygd, har no, etter det Vikebladet Vestposten erfarer, blitt seld til det kanadiske offshorereiarlaget Horizon Maritime.

Kleven sjølv skriv at byggnr. 379 er seld til ein internasjonal aktør.

- Vi er glade for å ha fått ei løysing for dette fartøyet. Det har vore eit utfordrande prosjekt for oss, etter at opprinneleg kunde ikkje var finansielt i stand til å overta fartøyet ved avtalt levering i 2015. Det er flott å sjå at fartøyet no kjem i operasjon, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Kleven har tapt mykje pengar på byggnr. 379, IES Energy, som var tiltenkt det malaysiske joint-venture selskapet IES Pioneer Ltd. Reiarlaget tok aldri ut skipet.

Kleven-konsernet hadde i 2016 ei omsetning på 4,8 milliardar kroner, og leverte eit årsresultat etter skatt på -239 millionar kroner. Årsaka til underskotet ligg i tap og store tapsavsetningar knytt til enkeltprosjekt, og då spesielt IES Energy.