OCV-en Polar Onyx klar for å sjøsetjast frå dokkhallen.
            (Foto: Marius Beck Dahle/Ulstein Group.)

OCV-en Polar Onyx klar for å sjøsetjast frå dokkhallen.Foto: Marius Beck Dahle/Ulstein Group.

Jubileum for Ulstein-konsernet:

I dag er Ulstein 100 år

Det har skjedd mykje sidan Martin Ulstein og Andreas Flø grunnla ein liten mekanisk verkstad i 1917.

Ulstein har på sine eigne heimesider publisert ein lengre artikkel om historia til konsernet desse hundre åra, sidan det blei grunnlagt i 1917. For då Martin Ulstein og Andreas Flø opna dørene til den vesle mekaniske verkstaden sin i 1917, hadde dei ingen føresetnader for å vite kva dei skulle vere med på å skape.

Artikkelen kan du lese her.

I artikkelen kan du lese om korleis dagens Ulstein Group har blitt til, gjennom utviding, utvikling og innovasjon gjennom eit heilt hundreår.

2. september blir det som kjent jubileumsfest, med gratiskonsert for bygdefolket i dokkhallen på Ulstein Verft.


Her er historia summert opp i korte faktapunkt:

Utviklinga av Ulstein, 1917-2017

1917 - Etableringa av Ulstein mek. Verksted av Martin Ulstein og Andreas Flø

1924 - Ulstein blir ein agent for Rapp-motoren – ein tidleg start på pakkeleveransar

1957 - Ulstein går i samarbeid med Volvo Penta om å levere utstyrspakkar. Selskapet bygger sitt første stålskip, bilferja Torulf

1965 – Produksjonsselskapet Ulstein Propeller vert etablert

1969 - Olje vert oppdaga på norsk kontinentalsokkel

1974 - Ulstein byggjer sine første offshorefartøy, UT704 / UT705, spesielt designa for dei røffe forholda i Nordsjøen

1980 – Utviklar ‘VROS’ – den vridbare, oppsvingbare thrusteren

1983 – Kjøper Peilo Teknikk, som er spesialisert innan peileutstyr og elektronikk. Bedrifta skifta namn til Ulstein Marine Electronics

1985 - Ulstein utfører sitt største enkeltoppkjøp ved kjøpet av BMV-gruppa, noko som doblar talet på tilsette. Med dette blei Ulstein ein av verdas største produsentar av skiputstyr og design

1991 – Kjøper Tenfjord A/S, ein produsent av styremaskinar. Oppkjøpet gjorde at bedrifta skifta namn til Ulstein Tenfjord A/S

1992 – Oppkjøp av Hydraulik Brattvaag og deira vinsjproduksjon. Namneskifte til Ulstein Brattvaag

1998 – Kjøpte den amerikanske propellprodusenten Bird-Johnson

1997 - Ulstein-konsernet notert på Oslo Børs

1999 – Vickers/Rolls-Royce kjøper 90% av konsernet. Ulstein held fram med skipsbygging

2000 - Ulstein Design etablert for å utvikle ny designportefølje

2002 - Lansering av første fartøy frå det nye Ulstein, det multifunksjonelle ankerhandteringsfartøyet 'Olympic Hercules'

2005 - X-BOW-skrogforma vert lansert, samtidig som kontrakt på første skip med dette designet vert gjort kjent

2014 - Introduksjon av hekkløysinga X-STERN, ei vidareutvikling av X-BOW

2015 - Ulstein markerer byggekontrakt på X-BOW nummer 100

2017 – Byggjekontrakt på verdas største plug-in hybridfartøy

2017 – Gjennombrot for cruiseskipsdesign frå Ulstein

2017 - Ulstein markerer sitt 100-årsjubileum.


Kjelde: Henta frå Ulstein.com.

Martin Ulstein (framme i midten) saman med kollegaer på Ulstein mek. Verksted i 1927.
            (Foto: Ulstein Group.)

Martin Ulstein (framme i midten) saman med kollegaer på Ulstein mek. Verksted i 1927.Foto: Ulstein Group.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: