Transportselskapet Fjord1 er frå i dag, tysdag 15. august, notert på hovudindeksen.

Leiinga i selskapet har bestemt at alle dei fast tilsette i selskapet får ei aksjegåve verd 10.000 kroner.

I ei pressemelding frå Fjord1 seier administrerande direktør Dagfinn Neteland at dei tilsette står på kvar einaste dag for å frakte folk trygt over fjordane.

- Med oppstartsaksjar kan dei styrke eit allereie stort engasjement for Fjord1, seier Neteland.

Eigd av Havilafjord

Største eigar i Fjord1 er Havilafjord, som har 51,5 prosent av aksjane.  Havilafjord er eigd av Sævik-familien i Herøy.

- For Fjord1 er det viktig å vise at vi er ei god investering for eigarane våre, seier Dagfinn Neteland.  I pressemeldinga heiter det også at selskapet har god og stabil drift og inntening.