Den gode nyheita var allereie feira med kake ved ABB sine lokale på Borgstein då Vikebladet Vestposten møtte trekløveret Pål-Ove Husøy, Kristin H. Truelsen og Jostein Thue, høvesvis salssjef for ABB Marine i Europa og USA, prosjektleiar og salssjef for ABB Marine i Asia og Midt-Austen.

Servicefartøyet Ulstein-avdelinga av ABB jobbar med er designa av Salt Ship Design på Stord. Det skal byggast av verftet Cemre i Tyrkia med forventa levering siste kvartal i 2018. Det skal eigast og drivast av det store franske reiarlaget Louis Dreyfus Armateurs, og det skal nyttast til vedlikehald av turbinar på offshore vindparkar utanfor kysten av Tyskland.

- Viktig kontrakt

ABB ønskjer ikkje å opplyse om kor mykje pengar det er snakk om, då dette blir ei sak mellom selskapa. Men, det er snakk om ein betydeleg sum, som er viktig for å halde fram med drifta til ABB i Ulsteinvik.

- Kontrakten genererer godt med arbeid her i Ulsteinvik. Både prosjektleiing og delar av engineering-arbeidet vert gjort her lokalt, i tillegg til at delar av produksjonen av utstyret blir gjort her. Så genererer prosjektet mykje godt arbeid også for dei andre lokalitetane våre i Norge, seier prosjektleiar Kristin H. Truelsen.

Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om kuttrundane ABB Ulsteinvik har vore gjennom. No har dei tilsette fornya framtidstru, og ser at ting byrjar å snu.

- Vi har vore gjennom to knalltøffe men naudsynte oppseiingsrundar allereie. Difor var det dette ein svært viktig kontrakt, seier Pål-Ove Husøy.

- Ein kontrakt som gir oss litt pusterom, seier Jostein Thue.

Vindkraft i vinden

ABB skal installere sitt system som heiter Onboard DC Grid, som vil optimalisere tryggleiken om bord og redusere miljøavtrykket det nye servicefartøyet gir. Systemet mogleggjer dessutan funksjonell og kosteffektiv integrering av batteri om bord. Som ein integrert del av kraftsystemet vil eit eige styringssystem (PEMS) gi sikker og effektiv drift av servicefartøyet.

- Hybridsystemet gjer at færre generatorar køyrer samstundes. Dette utan å risikere tryggleiken, i tillegg til at det gir lågare vedlikehaldskostnader og betre drivstofføkonomi, seier Jostein Thue.

- Skipsindustrien har oppdaga fordelane med energilagring, fortel Sindre Sætre, leiar for ABB si marineverksemd i Norge

ABB sitt system Onboard DC Grid har allereie blitt installert på ei rekkje fartøytypar, som til dømes ferjer, offshore servicefartøy og ein kabelleggjar.

Slik skal det nye servicefartøyet som i skrivande stund er under bygging i Tyrkia, sjå ut. ABB i Ulsteinvik er sentrale i prosessen. Foto: ABB.