Revisjons- og rådgjevingsselskapet KPMG, som er av verdas største innan fagfeltet, har no etablert seg i Ulstein. Ulsteinvik-busette Leif Gunnar Brandal, statsautorisert revisor med meir enn 10 års erfaring som revisor, skal leie KPMG si satsing i nettopp Ulsteinvik.

Med Brandal på laget, styrkjer KPMG sitt tenestetilbod innan advokattenester og bedriftsrådgjeving, skriv selskapet i ei pressemelding.

- Vi ønskjer å vere den prefererte leverandøren av revisjon, rådgjeving og juridiske tenester i regionen. Tydeleg til stades i både Ålesund, Molde og no i Ulsteinvik, sikrar vi lokal forankring og marknadskjennskap, samstundes som vi har heile KPMG sitt nasjonale og internasjonale nettverk i ryggen. Det betyr at vi kan hjelpe verksemder av alle storleikar og med alle typar problemstillingar, seier Rune I. Grøvdal, leiar for KPMG Region Møre.

Ser fram til oppgåva

Brandal har i tillegg særleg kompetanse innan eigedomsdrift og styrearbeid frå blant anna 10 års erfaring som administrerande direktør i Ulsmo Eiendom, skriv selskapet i pressemeldinga. Brandal fortel sjølv at han gler seg til å starte opp i Ulsteinvik.

- Eg ser fram til å bruke mi erfaring frå revisjon og ulike næringslivsroller som revisor og rådgjevar når vi no etablerer oss i Ulsteinvik, seier Brandal.