(NPK-NTB): Ein ny rapport frå Boston Consulting Group (BCG) og The World Petroleum Council viser at éin av fem i olje- og gassindustrien er kvinner, skriv Dagens Næringsliv. Og kvar tredje kvinne forsvinn på vegen frå mellomleiar til seniorroller.

I rapporten svarar 57 prosent av kvinnene at dei får mindre støtte til karriereprogresjon enn det menn gjer, men berre 24 prosent av dei mannlege tilsette er einige i det.

48 prosent av mennene meiner årsaka er for få kvalifiserte kvinner. 27 prosent av kvinnene meiner det same.

– Ein av faktorane som skaper ubalanse, er tendensen vi alle har til å ha større tillit til folk som liknar oss sjølve. Dermed blir kvite menn favorisert i olje- og gassindustrien, seier Elisabeth Heggelund Tørsdad, konserndirektør i DNV GL-Oil & Gas.

Må trekke til kvinner

BCG meiner etterspørselen etter olje kan flate ut og kanskje minke om 15–20 år. Dermed må konkurransen på tilbodssida bli tøffare. BCG-sjef Odd Arne Sjåtil meiner derfor bransjen må trekke til kvinner.

– Selskapa får ein større ressurspool å rekruttere frå, og det gir tilgang til dei beste hovuda, seier Sjåtil.