Det kjem fram i ein fersk rapport Nofima og dataanalyseselskapet Capia har laga på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet (ASD).

Situasjonen har forandra seg mykje på få år. Vi skal ikkje lenger tilbake enn til 2003 før utanlandsk arbeidskraft berre utgjorde 12 prosent av arbeidsstokken i fiskeindustrien, medan meir enn halvparten av dei tilsette i år kjem frå andre land.

– Auken i utanlands arbeidskraft tyder på at fiskeforedlingsindustrien slit med å vera konkurransedyktig om norsk arbeidskraft, men at denne industrien er svært konkurransedyktig i EØS-marknaden, seier seniorforskar Edagar Henriksen i Nofima i ei pressemelding.

Sesongarbeid og problem med å tilby jobb heile året blir trekt fram som ein av grunnane til at nordmenn ikkje vil arbeida i fiskeindustrien.

Det gode lønsnivået i Noreg gjer derimot at det mange polakkar og folk frå Baltikum og andre mindre velståande EØS-land kan tena gode pengar på å vera sesongarbeidar her i landet. Ifylgje Henriksen kan lønsnivået ofte vera fem gonger over det desse arbeidstakarane kan oppnå i heimlandet.

I rapporten kjem det likevel fram at fiskeindustrien helst ønskjer seg lokal arbeidskraft, men at dei ikkje greier halda på lokalt tilsette.

Rapporten viser også at stadig fleire utlendingar tek over nøkkelstillingar i fiskeindustrien.

– Mange utlendingar er godt utdanna. Det betyr at dei er gode til å læra nye ting. Dei er dessutan ofte motiverte til å visa at dei duger, seier Henriksen.