Artikkelen er henta frå Møre-Nytt.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har gjennomført ein emisjon av eigenkapitalbevis på 100 millionar kroner. Styret vedtok onsdag den endelege tildelinga av eigenkapitalbevis.

- Å få inn ekstern eigenkapital i tillegg til banken sitt opparbeida Sparebankfond, er ein ny fase i banken. Styrka eigenkapital gir eit godt grunnlag for at banken kan vekse og oppretthalde ein god aktivitet i lokalområdet, seier administrerande direktør Stig Brautaset i ei pressemelding frå banken.

Banken hadde ei garantert minsteteikning på 50 millionar kroner, men hadde ambisjon om å oppnå teikningar på til saman kr. 100 mill. Teikningsperioden var frå 4. til 18. september 2017.

Emisjonen overteikna med over 40%

Det har vore ei svært god interesse for å teikne. Dei siste dagane av teikningsperioda var det eit skikkeleg trykk. Oppteljinga viser ei samla teikning på godt over 140 millionar kroner, som betyr ei overteikning på over 40%.

- Responsen har vore fantastisk, og vi er svært nøgde både med beløpet som vart teikna og det store talet på personar/bedrifter som har teikna, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Populært

Det har vore hektisk aktivitet og over 365 privatpersoner og bedrifter har teikna eigenkapitalbevis i banken.

- Vi er overvelda av responsen og er tilfreds med den gode spreiinga på mange lokale interessentar som viser interesse for SpareBank 1 Søre Sunnmøre og ser desse eigenkapitalbevisa som ei god og trygg investering, seier Brautaset og held fram med at den solide forankringa i lokalmarknaden betyr mykje for banken si vidare satsing.

- Kven som har teikna eigenkapitalbevis kan vi dessverre ikkje gå ut med i dag. Dette må vi få kome tilbake til, seier Brautaset.

Gjennomføring

I løpet av september vert tildelinga gjennomført og registrert. Melding om tildeling til dei nye eigarane av eigenkapitalbevisa vert sendt ut onsdag. Lista over dei største aksjonærane vert lagt ut på banken sine heimesider 29.september 2017.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har engasjert SpareBank 1 Markets AS som tilretteleggar og Advokatfirmaet Selmer som juridisk rådgjevar i Emisjonen.