– Det er heilt ufatteleg trist at dette eventyret no er over. Vi må berre takke av heile vårt hjarte alle som har vore med oss på reisa og stått på barrikadane. Vi skulle ønskt at det hadde vorte ein lykkeleg slutt, seier Simen Staalnacke til NTB.

Saman med Stefan Dahlquist og Peder Kristian Børresen grunnla Staalnacke Moods of Norway i 2003. Han karakteriserer 11 av dei 14 åra selskapet har eksistert, som eit norsk gründereventyr.

Strekte ikkje til

– Vi har halde på natt og dag med å prøve å redde vårt elska Moods of Norway, men no vart det oppbod. Eg trudde aldri i mine levedagar at eg skulle sitje her og oppleve det, seier ein tydeleg prega Staalnacke.

Det vart kroken på døra da banken denne veka sa opp kreditten til Moods of Norway og det ikkje lykkast å hente inn ny kapital i tide. Moods of Norway informerte dei 100 medarbeidarane på kontora i Stryn og Oslo og i 18 butikkar over heile landet om konkursen onsdag.

– Styret har arbeidd med å sikre framleis drift i Moods of Norway AS, mellom anna gjennom tilførsel av ny kapital. Styret har ikkje lykkast i dette arbeidet og såg dessverre no ingen annan utveg enn å krevje selskapa konkurs, seier styreleiar Jan Egil Flo i ei pressemelding.

– Den som ingenting våger, ingenting vinn

Staalnacke presiserer at årsakene til oppbodet er samansette, men peikar på at utanlandssatsinga har vore for stor.

– Draumen har vore å bringe norsk mote ut i verda, men der har det gått mykje tid og pengar. Men den som ingenting våger, ingenting vinn, og mote er ingen eksakt vitskap, seier Staalnacke.

Tøff bransje

elskapet peikar på at innteninga har vore altfor dårleg i mange månader. Det blir vist til eit resultat før skatt i 2016 på minus 30 millionar og at rekneskapen per august 2017 framleis viser ei negativ utvikling. Konkursen omfattar berre Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS. Selskapa Brandstad, Moods Sverige og Moods USA held fram som før.

Blant årsakene til den svake lønnsemda peikar selskapet på den internasjonale satsinga, varekostnader i amerikanske dollar og dessutan valutaeksponeringa, som no ytterlegare har forverra ein frå før pressa økonomisk situasjon.

– Klesindustrien er ein tøff bransje med hard konkurranse og pressa marginar. Selskapet har jobba med å kutte kostnader og effektivisere drifta og med å vidareutvikle merkevara. Dette har dessverre ikkje gitt tilstrekkeleg effekt, medgir selskapet i meldinga.

Utruleg trist dag

Det er no opp til bustyraren kva som skal skje med den vidare drifta av selskapa og butikkane.

– Dette er ein utruleg trist dag for alle i Moods of Norway. Gründerane og styret vil takke alle dei tilsette for den utruleg gode jobben dei har gjort i ei så turbulent tid, seier Staalnacke og avsluttar på denne måten:

– Tusen, tusen takk for dansen.