- Det er nokon som har prøvd å seie at dette er ein redningsaksjon.  Dei tek heilt feil. Og om de trur at eg berre investerer i selskap, så tek de feil. Eg investerer i menneske, uttaler Stordalen på allmøtet som no er i gang ved Kleven.

- Norsk skipsindustri har ei framtid

-  Her er 400 folk som er villige til å stå på, og kanskje like mange underleverandørar. Ei viktig årsak til at eg lyst til å vere med på eigarsida, er at eg vil vere med å  bevise at norsk verftsindustri har ei framtid dersom de er villige til å tenke nytt, slik Kleven gjorde med  automatisering. Men vi vil likevel treng folk i framtida. Ein dag tek olja slutt, og då skal de bygge båtar her likevel. Båtar som ikkje er avhengige av oljeindustrien, sa Petter A. Stordalen.

Han hevdar også at det framleis i dag er mange som trur at Rolls-Royce er ein bil i London, og at dei ikkje veit at Rolls-Royce har vore med på å designe det ypparste av skip og skipsutstyr.

MS Fridtjof Nansen og MS Roald Amundsen

Kleven skal byggje to nye ekspedisjonsskip for Hurtigruten. Dei får namna MS Roald Amundsen og MS Fridtjof  Nansen, og blir verdas første hybriddrivne ekspedisjonsskip. Med dei tradisjonsrike namna og banebrytande teknologi, vil Hurtigruten heidre norsk polarhistorie og utforskartrang, samtidig som dei blir eit utstillingsvindu for norsk skipsbyggingskunst.

Klokka 11.00 måndag kom konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten og Petter A. Stordalen, av dei dei største aksjonærane i Hurtigruten, på besøk til Kleven.

Både Hurtigruten og Petter A. Stordalen er no inne på eigarsida i Kleven.

Konsernsjef Daniel Skeldam i Hurtigruten har ordet på allmøtet ved Kleven. aksjonær Stordalen og konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven lyttar. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.