Oljeanalytikar i Nordea, Thina Saltvedt, trur på ein auke i oljeprisen til over 60 dollar fatet. Det skriv Dagens Næringsliv.

Saltvedt trekkjer mellom anna fram at det er større politisk uro i verda no enn det har vore for berre kort tid sidan, men også andre ting speler inn.

– Vi går snart inn i vintersesongen, og oljeetterspurnaden tek seg normalt opp dersom det blir ein kald vinter. No stig jo oljeprisen igjen, og det bør ha ein dempande effekt på forbruksveksten på sikt. Men på kort sikt ser eg føre meg at oljeprisen kan stige over 60 dollar fatet, seier ho til Dagens Næringsliv.

Auke to dagar på rad

Måndag denne veka gjekk oljeprisen for fyrste gong sidan sommaren 2015 over 57 dollar fatet. Den positive nyheita blei forsterka tysdag, då nordsjøolja Brent auka med 0,50 prosent til 59,39 dollar fatet.

Auka oljepris kan få følgjer for lokale reiarlag og skipsindustrien, som framleis i stor grad slit med konsekvensane etter den store nedgangen som har vore dei siste tre åra.

Les også: Island Offshore ser lyspunkta i horisonten

Les også: Bank fryktar ny tapsbølgje i offshorereiarlaga