Den maritime klynga på Sunnmøre, organisert gjennom GCE Blue Maritime, har fått godkjenning til å teste ut fjernstyrte og sjølvkøyrande skip i Storfjorden.

Kystverket og Sjøfartsdirektoratet signerte under årskonferansen til GCE Blue Maritime fredag ein avtale om Storfjorden som testområde for førarlause båtar. Frå før har det vore opna for slik testkøyring i Trondheimsfjorden.

– Storfjorden er ideell med nærleik til heile 14 skipsverft og 20 reiarlag, og det er eit område som fleire allereie nyttar til prøveturar for nybygde skip, seier administrerande direktør Per Erik Dalen i GCE Blue Maritime i ei pressemelding.

Den nye boltreplassen for maritim teknologi skal komme både næring og ingeniørstudentar til nytte i Møre og Romsdal.