Teknologisk boltreplass Storfjorden på Sunnmøre blir ny testarena for førarlause skip.
(Foto: Eivind Sætre / Norden.org)

Teknologisk boltreplass Storfjorden på Sunnmøre blir ny testarena for førarlause skip. Foto: Eivind Sætre / Norden.org

Blir testområde for førarlause båtar

Den maritime klynga på Sunnmøre, organisert gjennom GCE Blue Maritime, har fått godkjenning til å teste ut fjernstyrte og sjølvkøyrande skip i Storfjorden.

Kystverket og Sjøfartsdirektoratet signerte under årskonferansen til GCE Blue Maritime fredag ein avtale om Storfjorden som testområde for førarlause båtar. Frå før har det vore opna for slik testkøyring i Trondheimsfjorden.

– Storfjorden er ideell med nærleik til heile 14 skipsverft og 20 reiarlag, og det er eit område som fleire allereie nyttar til prøveturar for nybygde skip, seier administrerande direktør Per Erik Dalen i GCE Blue Maritime i ei pressemelding.

Den nye boltreplassen for maritim teknologi skal komme både næring og ingeniørstudentar til nytte i Møre og Romsdal.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Glen Børge Løset Flø:

- Eg er veldig glad

Ulstein ankar ikkje mobbesaka:

Letta ordførar

Hødd sin nye daglege leiar er på plass:

- Ei stor ære