(Vestlandsnytt): – Opningsdatoen vil avhenge noko av kva tid søknaden vi har sendt til Sande kommune om skjenkeløyve vert behandla, seier Ghazi til Vestlandsnytt.

Han driv frå før restauranten Naboen i Ulsteinvik. No satsar han og familiemedlemer også på Larsnes, gjennom det nyetablerte firmaet Naboen Restaurant Sande AS.

Oppgradering av lokala

Ulsteinvikaren som har fleire års erfaring frå serveringsbransjen ser eit stort potensiale i lokalet og den strategiske beliggenheita ved ferjekaia.

– Eg kjenner til at det var ulike grunnar til at dei tidlegare eigarane gav seg med drifta her. No blir det ein ny og frisk start, der vi mellom anna skal oppgradere lokala ein del innvendig. Til dømes vert det nye vindauge og sitjegrupper. Det vert også meir avskjerma uteområde med ny inngong til dette arealet frå innsida, slik at denne delen inngår meir tydeleg i ein del av heilheita, seier Ghazi til Vestlandsnytt.

– Kva vil stå på menyen?

– Det vert i alle fall ikkje berre junk food, for å seie det slik. Vi kjem til å satse på tradisjonelle norske middagsrettar. I tillegg har vi folk i staben med særskilt kunnskap og interesse for italienske matrettar. Vi ser også føre oss steiking av pizza og levering av mat i Larsnes og området rundt, seier den unge restaurantdrivaren.

Blir godt motteke

TV-fotball og underhaldning av ein trubadur frå tid til anna vert truleg også ein del av konseptet på det som får namnet «Naboen». Det tradisjonsrike «Vika Kro» går dermed ut.

Rafat Ghazi seier han allereie har fått fleire fine tilbakemeldingar frå folk i Larsnes-området som har fått med seg kva som er på gang.

– Og det er fint. Vi gler oss til å ta lokala i bruk og håpar og trur tilbodet blir teke godt imot i lokalsamfunnet, avsluttar han.

Det er nærare to år sidan Brynhild og Kjell Arne Grønnevik avvikla kroa på Larsnes.

– Siste opningsdagen var 28. februar 2016. Før det hadde vi ei stund vore ute etter folk som kunne ta over. At Ghazi no tek over og gir kroa «nytt liv», ser eg på som svært positivt, seier Grønnevik.