Det er Sysla.no som kontinuerleg følgjer med på opplagssituasjonen i sitt opplagsregister. Det viser at det i skrivande stund er 127 båtar frå den norske offshorenæringa som ligg i opplag kring om i verda.

Av desse er det eitt brønnintervensjonsskip, 61 plattformforsyningsskip, 14 seismikkskip, 37 ankerhandteringsskip, 3 subseaskip, 6 beredskapsskip og 5 såkalla fleirbruksskip.

Blant desse finn ein Ulsteinvik-baserte Island Offshore sine plattformforsyningsskip Island Dawn, Island Dragon, Island Duchess og Island Duke som ligg i opplagg i høvesvis Hjørungavåg og Ulsteinvik (Dragon, Duchess og Duke). Også mange andre reiarlag i regionen er med på lista, til dømes Olympic Shipping, som seinast for få dagar sidan tok Olympic Pegasus ut i opplag.