Coop Vest omprofilerer Extra Bygg til Obs Bygg i 2018. Med det blir butikken på Saunes med i landets største byggevarekjede i privatmarknaden. Kjeda har dei siste åra hatt stor vekst. Det skriv Coop Vest i ei pressemelding.

Coop Vest jobbar no med å planlegge korleis den nye butikken vil sjå ut, og laget fortel dei har spanande planar.

- Vi ønskjer å gje kundane i regionen den beste kundeopplevinga i byggevarehandelen, seier administrerande direktør i Coop Vest SA, Geir Espe.

I samband med at butikken får ny profil, blir det også oppretta ein fullsortimert nettbutikk for byggevarer.