Nyheita om at Fjord1 får ta opp eit usikra obligasjonslån på 1 millard kroner kom gjennom ei børsmelding fredag.

Forfall på lånet er sett til november 2022. Obligasjonslånet vil bli søkt notert på Oslo Børs. DNB Markets og Nordea var såkalla globale koordinatorar og joint lead managers, medan Fearnley Securities og SpareBank 1 Markets var joint lead managers for obligasjonsutskrivinga.

Ifølgje Sunnmørsposten (abonnement) skal Fjord1 no bestille i alt seks nye ferjer, i tillegg til at dei skal bygge om fire eksisterande fartøy.

Fjord1 har frå før av 13 ferjer under bygging. Alle desse skal etter planen leverast i løpet av dei neste to åra.

Den samla kostnaden på nybyggkontraktane er på heile 3,5 milliardar kroner, og då kjem milliarden dei no får låne svært godt med.