I løpet av kort tid kjem reiarlaget Island Offshore til å permittere 200 av sine tilsette. Det skriv NRK Møre og Romsdal.

Ifølgje NRK er bakgrunnen for permitteringane at tre av intervensjonsfartøya til Island Offshore skal i vinteropplag.

– Det er tre intervensjonsfartøy som går i opplag no. Det gjer dei nesten kvar år, så no er det nesten normen for oss, men i tillegg så har vi andre fartøy som også har gått i opplag. Det er veldig trasig, men slik er marknaden no. Vi er nøydde til å gjere dette for å spare kostnadane, seier Håvard Ulstein til NRK Møre og Romsdal.

Dei peikar samstundes på at Island Offshore gjekk med eit overskot på 30 millionar kroner i tredje kvartal, og Ulstein seier til NRK at han trur reiarlaget skal kome ut med eit brukbart resultat også ved utgangen av året, men han ser ikkje nokon snarleg opptur for næringa.

I siste kvartalsrapporten frå Island Offshore står det at reiarlaget har fire PSV'av og ein SCV i opplag, men at ein ventar at minst fire fleire fartøy må ut i sesongopplag i løpet av fjerde kvartal.