– I 2014, 2015 og 2016 hadde vi rundt rekna 45 millionar kroner i omsetning. I år ser det ut til at vi bikkar 50 millionar, seier dagleg leiar for den Hareid-baserte verksemda Dimo AS, Stian Garnes, til Vikebladet Vestposten.

Garnes fortel at han ser det byrjar å lausne litt i det som har vore ein svært tøff marknad å navigere seg i no som tidene har vore ekstra krevjande.

– Tidlegare har vi hatt mange prosjekt knytt til olje- og gassindustrien. Det har vi derimot hatt lite av dei siste to åra. Men, no skjer det litt igjen også i denne marknaden, seier han.

Dimo skal ifølgje Garnes levere fire såkalla HPU-system (Hydraulic Power Unit/Hydraulikksystem) til aktørar i olje- og gassindustrien like over nyttår, og endå nokre til i februar/mars.

Ferjekontraktar

Nyleg blei det også klart at Dimo skal levere hydraulikksystem til i alt 10 ferjer som skal byggast ved verft både i Norge og i utlandet.

Desse kontraktane fordelar seg på tre ulike verft. To av dei er norske, Vard Brevik og Havyard Leirvik, medan det siste er Tersan Shipyard i Tyrkia. Fem av ferjene skal byggast ved Havyard Lervik for Fjord1 (Hareid–Sulesund og Aursnes–Magerholm).

Vard Brevik skal bygge to ferjer og Tersan Shipyard skal bygge tre. Alle skal leverast til Torghatten Nord, og desse ferjene skal gå i sambandet Halhjem–Sandvikvåg i Hordaland.

– Vi har i mange år levert komplette ferjesystem, der vi syter for alt av hydraulikk til baugar, lemmar og luker. Dette med styresystema som høyrer til. Då er det ekstra kjekt at vi får slike kontraktar, seier Garnes.

Har utvikla nytt styringssystem

Dimo fekk kontrakten med Fjord1 framfor mange andre og langt større aktørar. Mykje av grunnen til det er nok det nye styringssystemet verksemda har utvikla, meiner Stian Garnes.

– Med bygginga av batteriferjer er det også behov for meir energieffektive system enn dei som tradisjonelt sett har blitt installert på slike typar båtar. Vi har utvikla det vi meiner er eit veldig godt system, seier Garnes.

Stian Garnes fortel at Dimo ønskjer å vere ei god kompetansebedrift.

– Hovudgrunnen til at vi har vore så omstillingsdyktige er at vi har flinke tilsette. Vi har dessutan vist oss som ein god og sterk organisasjon. Vi føler at vi klarer oss godt, spesielt med desse nye kontraktane på plass. Men vi er samstundes måtehaldne, og kviler ikkje på laurbæra sjølv om det går fint no.

Ser verdien av investeringane

Dimo AS har spesialisert seg på skreddarsydde hydrauliske system og komponentar, i tillegg til service og spesialutstyr til maritim industri, skip og utstyrsleverandørar.

I september kunne Vikebladet Vestposten melde at Dimo hadde investert i eit flunkande nytt tilbygg og andre oppgraderingar.

Les også: Heldt open dag for nytt praktbygg

Tilbygget er på tre etasjar, kvar av dei 120 kvadratmeter store. I tillegg har verksemda gjort naudsynte oppgraderingar på gamlebygget. Totalt kosta investeringane selskapet rundt 8 millionar kroner. Resultatet fekk publikum sjå laurdag 16. september, då verksemda inviterte til open dag.

– Vi ser allereie no verdien av investeringa vi gjorde, då vi no står fram som ei meir moderne og framtidsretta verksemd. Vi har også fått svært god respons frå marknaden. Det har heilt klart ein viss signaleffekt. No har vi også god plass til alle våre tilsette. På det verste var vi 11–12 stykk som nærmast sat oppå kvarandre. Vi skal ha det bra no i mange år framover, seier Stian Garnes.

Dagleg leiar Stian Garnes står her i produksjonslokala til Dimo på Hareid. Han er godt nøgd med sine tilsette, og ser at ordresituasjonen til selskapet er god. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.
Ottar Sindre Moltumyr trivast godt i jobben sin, og meiner Dimo er ein god arbeidsplass. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.