Kyststatane Noreg, EU, Færøyane, Russland og Island vart førre veke einige om å redusere sildekvoten med 33 prosent av det som var kvoterådet for i år, men la seg likevel vel 50.000 tonn over rådet frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES).

Den norske kvoten blir på 291.000 tonn norsk vårgytande sild, mot 433.000 tonn i år, skriv Fiskeribladet.

I tillegg kjem ei fleksibel kvote overført frå i år.

– Eg trur at det beste rådet vi kan ha, er det rådet som ICES gir oss. Sjølv om det førte til store justeringar i år, er det noko vi må rette oss etter, seier direktør Audun Maråk i Fiskebåt til avisa.

Om gjennomsnittsprisen på NVG-sild i 2017 held seg i 2018, minkar fangstverdien for dei norske sildefiskarane frå rundt 2.026 millionar kroner i år til om lag 1.360 millionar kroner neste år.