Oljeinvesteringane vil stige til 2020 etter ein liten dupp neste år. Men deretter er næringa heilt avhengig av nye funn for å unngå fall i investeringane frå 2021 og utover, heiter det i investeringsprognosen som vart lagt fram tysdag.

Auka investeringar i 2019 og 2020 kjem av ei lang rekkje nye prosjekt som no blir starta. Anslaget for neste år viser ein liten nedgang frå 151 milliardar i 2017. Deretter stig investeringane fram til 2020.

Meir for mindre

– Aktivitetsnivået på norsk sokkel er venta å auke neste år. Når dei samla investeringane likevel blir lågare, kjem det av at industrien har lykkast med å redusere kostnadane. Vi får meir for mindre, seier administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk olje- og gass.

Investeringane er venta å auke til 153 milliardar kroner i 2019 og ytterlegare til 159 milliardar kroner i 2020. Deretter peikar pilene nedover. Anslaget for dei neste to åra er 136 milliardar kroner og 111 milliardar kroner.

Bekymra

– Det er grunn til bekymring over dei langsiktige prognosane. Vi ser at det er behov for meir aktivitet lenger fram i tid, seier Schjøtt-Pedersen.

Utsiktene er prega av uvisse, men dei neste store prosjekta manglar – understrekar han.

– Derfor er det viktig at politikarane sikrar tilgang til nytt areal og rammevilkår som gjer norsk sokkel konkurransedyktig, er oppfordringa frå toppsjefen i bransjeorganisasjonen.

Ser mot nord

Først og fremst er det nordområda næringa no drøymer om. For første gong er investeringsprognosane fordelte på havområda Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Trendane er klare:

– Det mest interessante er at ein stadig større del av investeringane skjer med utgangspunkt i vår nordlegaste landsdel. Vi ser for oss ein auke frå 4 prosent av dei samla investeringane neste år, til 15 prosent i 2021 og 2022, seier Schjøtt-Pedersen.