Olympic Commander skal difor ut av Middelhavet neste år. Det skriv Sysla.no. (Ekstern lenkje).

– Vi har fått beskjed via Politidirektoratet om at operasjonen avviklast, sa kommunikasjonssjef Ida Dahl Nilssen i Kripos til Sysla onsdag ettermiddag.

Norge har sidan sommaren 2015 hatt tre skip på plass i Middelhavet som ein del av Frontex, EU sitt organ for kystvakt og ytre grensekontroll.

Mange hugsar nok historiene frå Siem Pilot som redda mange menneske den tida skipet var eitt av dei tre norske skipa i Middelhavet. Pilot blei så erstatta av Fosnavåg-reiarlaget Olympic sitt skip Olympic Commander, i sommar. Også redningsskøyta Peter Henry von Koss har vore stasjonert i Middelhavet, men denne blei henta heim igjen allereie i sommar.

Justiskomiteen på Stortinget har tidlegare ytra at dei ville be regjeringa forhandle med Frontex om ei mogleg forlengning av avtalen. Men, forslaget blei nedstemt i Stortinget måndag, med 57 mot 45 stemmer.

Reiar Stig Remøy i Olympic har tidlegare sagt til Sysla at han ønskte at Norge skulle halde fram bidraget sitt i Middelhavet.