Næringsteft er Sparebanken Møre sitt nyskapingsstipend, og er retta mot gründerar og nyskaparar i Møre og Romsdal.

Vinnaren av nyskapingsstipendet får 1 million kroner til realisering av idéen. Tre av finalistane får utvikle sin eigen promoteringsfilm i samarbeid med Fuglefjellet AS og får ein workshop med advokatfirmaet Sands, i tillegg til 15 timar gratis digital rådgjeving med kommunikasjonsbyrået Racer.

Dei 10 som allereie er klare for semifinalen får tilbod om gratis inkubatortenester frå ProtoMore eller ÅKP.

Første helga i januar skal alle dei 10 semifinalistane samlast i Molde, og 2. februar blir det semifinale i på same plass. Der skal ein kome fram til 3 finalistar. Finalen går av stabelen 8. mars, på investorseminaret Børs og bacalao på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) i Ålesund.

To semifinalistar frå Hareid

Are Pilskog er opphavleg frå Hjørungavåg, men bur no på Leikong. Filmskaparen og gründeren, som mellom anna står bak suksessen "Havets Sølv", har som mål å starte ei verksemd som skal utvikle, produsere og selje revolusjonerande nytt filmutstyr. Han ønskjer å skape eit miljø for sensorteknologi og utnytting av dette på Nordvestlandet.

Idar Flø i Norwegian Centre og Maritime Communication AS ønskjer å skape eit system som samlar inn ressurs- og sensordata frå fiskeflåten som igjen kan gjere det enklare for fartøy og reiarlag å gjere gode avgjersler. Dette vil igjen gjere forsking og estimering av bestandar enklare, basert på data om heile økosystemet.

- Nyskaparane som utgjer ein forskjell

Prosjektleiar Linda Rafteseth Grimstad har dette å seie om prosjektet:

- Sparebanken Møre ønskjer å gjere noko for nyskaparane i fylket som faktisk utgjer ein forskjell. I Næringsteft byggjer vi nettverk og kompetanse, og ønskjer at dette skal ha ein verdi for alle som er med uansett kor langt dei når i denne konkurransen.

- Gründerane vi har møtt på denne reisa har eit heilt spesielt fellestrekk. Dei ønskjer nemleg også å utgjere ein forskjell. Det er sjølvsagt viktig å tenke forretningsutvikling når ein skal ha ein ny idé på marknaden, men eg opplever ikkje at profitt er drivkrafta, det er heller eit sterkt ønskje om å skape noko for andre.