– Vi er opptatt av å stille strenge og realistiske miljøkrav til fartøya som skal betene kystruta. Samtidig er vi opptatt av at anbodsprosessen ikkje vert forseinka. Ein kortare kontraktsperiode kan føre til at det melder seg færre tilbydarar, seier KrFs transportpolitiske talsperson Hans Fredrik Grøvan til NTB.

Det var under gruppemøtet torsdag ettermiddag at KrF landa på sida til regjeringspartia. Dermed blir det ikkje fleirtal på Stortinget for Aps forslag om strengare miljøkrav no. Men KrF fremjar samtidig to tilleggsforslag som partiet meiner på sikt vil skjerpe krava til kystrutefartøya likevel.

Tilleggsforslag

KrF meiner regjeringa bør bruke verkemiddelapparatet til Enova og sørgje for at skip i hurtigrutefart har insentiv for utsleppskutt i meir klima- og miljøvennleg retning.

– Samtidig vil vi be regjeringa sikre at CO2-fondets verkemiddelapparat er breitt nok til også å omfatte hurtigruteskip. Vi har godt håp om gjennomslag for desse forslaga, seier Grøvan.

Transportkomiteen på Stortinget gir innstillinga si i saka fredag. Høgre åtvara onsdag mot konsekvensane som skjerpa miljøkrav kan få.

– Den største trusselen er at dei med dette avlyser anbodet, slik at vi risikerer å stå utan eit kystrutetilbod når dagens anbodsperiode går ut, sa Høgres Helge Orten til NTB.

Det skjer 1. januar 2021. Orten minner om at eit vedtak om skjerpa miljøkrav vil føre til at pågåande anbod må avlysast og prosessen startast på nytt.

30 prosent miljøvekting

Arbeidarpartiet ber i forslaget sitt regjeringa leggje til grunn strenge miljøkrav i samband med kjøp av kystruta Bergen-Kirkenes 2021–2030. Partiet foreslår at miljøvektinga i anbodet vert sett til 30 prosent, om det er mogleg innanfor regelverket.

– Ap gir seg inn på ein risikofylt veg og må ta på seg ansvaret for å endre rammevilkår på ein måte som kan setje heile kystruteanbodet i fare, seier Orten.

Dagens avtale inneheld ingen miljøkrav, men frå 2021 vil det komme krav om reduserte CO2-utslepp på om lag 25 prosent. Det kjem også krav om utsleppsfrie landstrømanlegg.

Ap viser til at Stortinget tidlegare har bedt regjeringa innføre krav om minimum 30 prosent miljøvekting ved alle offentlege anbod, der det er relevant, men at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ikkje har følgt opp i anbodet han har sendt ut for kystruta for åra 2021–2030.

Mange innvendingar

Men Høgre hevdar kystbefolkninga vil få eit dårlegare tilbod med høgare prisa dersom miljøkravet vert skjerpa, fordi ein då må ta i bruk umoden teknologi som truleg vil vere dyrare.

Partiet minner også om at kystruteskipa trafikkerer arktiske farvatn med strenge krav til driftsstabilitet og åtvarar derfor mot å gjere eit omfattande anbod om til ein «utviklingskontrakt».

SV ser derimot ingen grunn til å vente med strengare miljøkrav og har sjølv fremja eit endå skarpare forslag enn Ap.

– Det er i dag mogleg å sigle utsleppsfritt frå Bergen til Kirkenes. Då er kravet regjeringa har stilt i kystruteanbodet om berre 25 prosents reduksjon altfor svakt, seier SVs Lars Haltbrekken.

Han minner om at ambisjonen i Nasjonal transportplan er å redusere utsleppa i transportsektoren med 50 prosent innan 2030.