– Kvifor skal den stå her og støve ned, når den kan nyttast til å trene opp dei som representerer framtida i bransjen? Valet var enkelt for oss, denne maskina veit vi at andre kan få mykje betre nytte av. Vi er veldig glade for å kunne gi den ein ny heim i Spjelkavika, seier Tor Rønnestad, forskings- og utviklingsleiar i Jets Vacuum AS.

Maskina blei kjøpt inn av Jets for snart ti år sidan for rundt 400.000 kroner. Den har derimot blitt svært lite brukt, og står fram difor som nesten heilt ny.

– Vi meiner det er viktig med eit godt samarbeid mellom bedrifta vår og dei ulike relevante lærestadane i fylket vårt. Tidlegare har vi til dømes gitt ein 3D-printar til ingeniørstudentane på NTNU i Ålesund. Dette handlar om å bidra til lokal rekruttering, og utvikling av kompetanse i regionen vår, seier Rønnestad og kollega Jan Helge Skomsøy, som er ingeniør ved FoU-avdelinga (forsking og utvikling).

– Harde julegåver er dei beste

Den siste tida har Borgund vidaregåande skule fått tak i tre nye dreiebenkar, og den eine kjem altså frå vakuumtoalettprodusenten Jets på Hareid. «Beistet» på tre tonn blei overrekt til avdelingsleiar for teknikk og industriell produksjon, Rune Frøystad, då han var på besøk i lokala til Jets torsdag. Maskina går rett inn i undervisingsopplegget på Borgund, som er ein av dei største vidaregåande skulane i Møre og Romsdal, med rundt 900 elevar og 225 tilsette.

– Ein seier jo gjerne at harde julegåver er dei beste. For vår del er det faktisk heilt sant, for vi ser enormt takksame, seier Rune Frøystad.

Han fortel at dreiebenken vil kome til god nytte.

– Dette er å karakterisere som relativt nytt utstyr, og blir ein del av maskinparken elevane kan boltre seg på. Denne maskina vil erstatte ein dreiebenk som er utgått på dato for lengst. Dette blir supert, seier Frøystad.

Om rundt ein månads tid møtest elevar frå alle dei vidaregåande skulane i fylket på Borgund, der det blir fylkeskonkurranse.

– Elevane får eit oppdrag, der noko skal dreiast. Den som vinn går til noregsmeisterskapen. Denne maskina vil nok vere eit stort pluss i denne konkurransen, seier Frøystad.

Dreiebenken Jets Vacuum AS no gir i julegåve til Borgund vidaregåande skule er så å seie ikkje brukt, sjølv om verksemda kjøpte den for snart ti år sidan. No skal den rett inn i undervisningsopplegget til skulen i Spjelkavik. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.