Kontraktane var opphavleg på til saman rundt seks milliardar kroner, men i dag er det vanskeleg å gi ein eksakt verdi, skriv administrerande direktør Asle Strønen i bransje- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft i ei oppsummering av verftsåret 2017.

Dei uhenta skipa er eit minne om ein byggjeboom som er over. No er det nye skipstypar som dominerer ordreboka, og ordreinngangen blei høgare i 2017 enn i 2016.

I 2017 vart det inngått 47 kontraktar på bygging av skip over 50 millionar kroner. I 2016 vart det inngått 30 kontraktar til ein verdi på 12,5 milliardar kroner.

Ordreboka hadde ved inngangen til det nye året 82 fartøy, med ein samla verdi på 34 milliardar kroner.