Med framdriftssystem frå Ulsteinvik:

Forskingsfartøyet Kronprins Haakon vist fram i Bergen

Det nye isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon er eitt av dei mest avanserte i sitt slag. Skipet kom til norske farvatn og Bergen rett før nyttår.

Forskingsskipet Kronprins Haakon, med utstyr frå Ulsteinvik, sett ovanfrå.  Foto: Tore Meek/NTB scanpix/NPK.

Rektor Anne Husebekk (f.v.) ved UiT, direktør Ole Arve Misund ved Norsk Polarinstitutt, næringsminister Monica Mæland og direktør Sissel Rogne ved Havforskingsinstituttet om bord i forskingsskipet Kronprins Haakon, som akkurat har komme til Noreg og Bergen frå verftet i Italia.   Foto: Tore Meek/NTB scanpix/NPK.

Kronprins Haakon har akkurat komme til Noreg og Bergen frå verftet i Italia. Skipet har kosta 1,5 milliardar kroner, og fleire institusjonar skal bruke det til klimaforsking.  Foto: Tore Meek/NTB scanpix/NPK.

Næringsliv

Forskingsskipet, som er bygd i Italia og har ein prislapp på nærare 1,5 milliardar kroner, vart sjøsett i Italia i februar i fjor. Deretter har det vorte utrusta og testa fram til det kunne setje kursen mot heimlege farvatn onsdag 20. desember. Ti dagar seinare var det på plass i Bergen, der det skal testast meir framover. Tysdag var skipet framme i Bergen.

Kronprins Haakon har ein bruttotonnasje på 9.000 tonn og er 100 meter langt og 21 meter breitt. Det har plass til 55 personar totalt med mannskap, forskarar og studentar. Skipet er bygd for å kunne gå gjennom éin meter tjukk is og har ein marsjfart på 15 knop. Skipet har plass til to helikopter og er designa av Rolls-Royce.

– Med Kronprins Haakon byrjar vi i dag på ein ny æra for norsk polarforsking, seier direktør Ole Arve Misund ved Norsk Polarinstitutt.

Første ekspedisjon i juli

Det er Norsk Polarinstitutt som eig forskingsfartøyet, som skal driftast av Havforskingsinstituttet. Universitetet i Tromsø (UiT Noregs arktiske universitet) blir den største brukaren.

– Kronprins Haakon er bygd for studiar under krevjande isforhold, det vil seie at han kan gå lenger nord og lenger sør enn andre norske forskingsfartøy. Skipet er utstyrt med topp moderne avansert utstyr som set oss i stand til å gjere meir komplekse studiar. Båten er stor og toler alle moglege vêrforhold, og vi planlegg forskingstokt til både Arktis og Antarktis, seier rektor Anne Husebekk ved UiT.

Leveringa av forskingsfartøyet er halvtanna år forseinka, og verftet i Italia har leigd inn mannskapet om bord. Først i februar, når Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet formelt har overtatt skipet, mønstrar det på eit norsk mannskap.

Deretter skal skipet testast i nordlegare farvatn fram til våren. Etter planen legg Kronprins Haakon ut på sin første ekspedisjon 19. juli.

Framdrift frå Ulsteinvik

Kontrakten på skipsutstyr frå Rolls-Royce i Ulsteinvik og andre lokasjonar i Norge, som vart underteikna i 2015, omfatta fire dieselmotorar, (to hovedmotorar og to generatorar), to azimuth hovedpropellar, to tunnelthrustarar (sidepropellar), elektrosystem og DP-automasjon.

Les også: FF Kronprins Haakon får framdrift frå Ulsteinvik