(Sunnmørsposten): NHO Møre og Romsdal hadde torsdag bedt inn næringslivsfolk og stortingsrepresentantar frå Møre og Romsdal til Parken-hotellet for at politikarane skulle få vite kva slags behov bedrifter i regionen har for dei komande åra.

Tore Ulstein frå Ulstein-gruppa hadde fått oppgåva med å oppsummere status for den maritime næringa – og kva ønskjer han hadde med seg til politikarane på Mørebenken.

Han starta med å risse opp kva for utfordringar næringslivet står overfor etter å ha mista tusenvis av arbeidsplassar som følgje av nedturen i olje. Ulstein påpeika at det tek lang tid å byggje opp nye næringar, og utfordra politikarane til å tenkje langsiktig når dei skal prioritere i åra framover.

– Det er masse moglegheiter for Norge, slo Ulstein fast og viste til at det er i ferd med å vekse fram nye marknader for skipsbygging - som vindkraft til havs og nye cruiseskip.

– Krevjande balanse

Men å kapre nye marknader krever investeringar – samstundes som bedriftene slit med dårleg inntening i tøffe marknader. Den kombinasjonen betyr at næringslivet både må kutte kostnadar og samstundes ha penger til overs for å satse i nye marknader.

– Det er viktig at de har forståing for dette, sa Ulstein til politikarane:

– Det er ein kamp på liv og død, og ein krevjande balanse, la han til.

Visekonsernsjefen i hjørnesteinsbedrifta la ikkje skjul på at næringslivet i regionen har behov for ekstra drahjelp i denne perioden, etter at rundt 11 milliardar kroner i eigenkapital er tapt.

Han ønskte difor at politikarane i størst mogleg grad lét bedriftene halde på verdiane i selskapa sine – framfor at pengane skulle gå til skatt.

Innovasjon Norge til Ålesund?

For bedriftene vil kunnskap vere avgjerande meinte Tore Ulstein.

– Vi må ta stilling til kva slags kompetanse som er den viktigaste for oss i framtida, sa Ulstein og påpeika at det kunne vere smertefullt å kvitte seg med flinke arbeidstakarar.

Tore Ulstein ønskte seg ei meir offensiv haldning frå Møre og Romsdal i kampen for ny næringsutvikling knytt til havet.

– Kanskje må vi vere litt djervare, sa Ulstein:

– Vi er gode på innovasjon, men burde vi ikkje tatt hovudkontoret til Innovasjon Norge og flytta det til Ålesund, spurte han.

Han åtvara samstundes mot at Høgskolen i Ålesund skulle utvikle seg til «mini-NTNU» og oppfordra til eit framleis tett samarbeid med næringslivet – noko han meinte hadde vore ein suksessfaktor.

Vegsatsing og mindre skatt

Fylkesleiar Torill Ytreberg i NHO starta med å minne om behovet for vegsatsing, ikkje minst dei framtidige fjordkryssingane på nye E39. Ho understreka også viktigheita av at det no ser noko lysare ut med tanke på oljeinvesteringar, og ba politikarane om at dei ikkje måtte forby innleige av arbeidskraft.

– Vi forventar vidare reduksjon i selskapsskatten - også må vi ha vekk skatt på arbeidande kapital, sa ho.

Denne saka vart først publisert i Sunnmørsposten.