- Denne kontrakten er på ein litt spesiell kundetilpassa høgtrykksvaskar som vi har teikna kontrakt på med ein stor aktør i riggmarknaden, fortel Einar Warholm, sals- og marknadssjef i Hareid-baserte Dimo AS, til Vikebladet Vestposten.

Sjølvforsynt eining

Eininga, som har fått fagnamnet Dimo Clean EX1-T3 HP/HW 3x28lpm@200bar, består av eit aggregat, ein vaskar og ein tank for vatn og ein del andre komponentar som er montert i ein konteinar.

- Det skal vere ein høgtrykksvaskar som blir sjølvforsynt med eigen vasstank og eit aggregat som driv pumpene. Dette blir som sagt rigga i ein konteinar, og er montert etter strenge offshorekrav, seier Einar Warholm.

- Spanande steg

Sals- og marknadssjefen fortel at kunden er ein betydeleg aktør innanfor riggmarknaden, men at det samstundes er ein ikkje namngjeven kunde.

- Dette er eit lite men spanande steg mot ein marknad som har vore litt stille siste tida. Vi som bedrift har vore meir inne på det maritime og det som har med båtar og skip å gjere. Men riggmarknaden er veldig spanande, og om dette svarer til forventingane både for oss og for kunden kan det opne for fleire slike kontraktar i framtida, seier Einar Warholm.